
Stolmen Vel arbeider for å ta vare på interessa til alle som bur på Stolmen. Me eig og driv det som tidlegare var Stolmen skule. Foreininga er svært aktiv, og dei fleste inntektene kjem frå grasrotandelen og ulike arrangement.
Den tidlegare Stolmen skule ligg i naturskjønne omgjevnader på øya Stolmen i Austevoll kommune. På øya finn du flotte turområde som Nordsjøløypa, stiar til Såta i utmarkene, og plankesti til Globen. I tillegg byr me på gode fiskemoglegheiter året rundt.
Skulen har padelbanen, fotballbane og ein utandørs aktivitetspark med leikeapparat, zipline, grillhytte og klatremoglegheiter i trea. Me leiger ut gymsalen og ungdomrommet til selskap.
Har du lyst til å prøve den flotte padelbanen vår? Banen kan bestillast gjennom bookingsystemet vårt. Racket og ball kan lånast hjå oss.
Pris: 250,- per time. 375,- for 2 timar.

På Stolmen Skule leiger me ut gymsalen til selskap. Me har dekketøy til 100 personar.
Prisane for leige av selskapslokale eller ungdomsklubben varierer etter tidspunkt og lengd på leiga. Ta kontakt med Stolmen Vel for meir informasjon og prisar.
Utleige til selskap:
Gymsalen
Prisar frå:
1 000 – 5 000,- pr. selskap
Inkludert dekketøy til 100 personar
Ungdomsklubben/lokalet (maks 30 personar):
500 – 3 000 kr per selskap
I trimrommet har me tredemølle, romaskin, vekter og ulike apparat for styrketrening.
(Pensjonistar/ungdommar under 18 år får 50% rabatt på årskort og månadskort)
I skogen ved skulen finn du klatreskogen med zipline, grillhytte, sandkasse og leikeapparat/treningsapparat.
Bli med på stolpejakten på Stolmen – det passar for alle!
Stolpejakt er en gratis og sosial turaktivitet der du bruker mobilen for å finne stolper som er plassert ut i nærmiljøet. Når du finner en stolpe, registrerer du den i appen – og får poeng for hver du finner.
Det er ingen konkurranse, ingen tidtaking – bare en fin unnskyldning for å komme seg ut og bruke kroppen. Perfekt for både barnefamilier, turgjengere og de som vil oppdage nye stier.
Slik kommer du i gang
Alt du trenger er mobilen og appen Stolpejakten.
Last den ned gratis, og finn oversikt over stolpene i Austevoll direkte i appen.
👉 Gå til www.stolpejakten.no for mer info og nedlasting.